Geitrams

01. desember 2015 ,  Aukse Drungiliene

Unge skot av geitrams (det latinske namnet Epilobium angustifolium) er tidlegare brukt som mat-tilskot. Dei kan kokast som asparges. Unge blad kan brukast i salat, men vert fort beiske. Blomstrane kan m.a. brukast til å lage saft og gele av. Blada kan brukast som grunnlag for te.

Røttene som er stivelserike vart i naudsår tørka og malt og blanda i brødmjølet. I Russland har te på tørka geitramsblad vore mykje brukt. I tsartida var dyrking av geitrams storindustri. I Noreg vart geitrams tidlegare brukt som fôr til grisene, men også geit og kyr skal ha likt geitrams. Geitrams skal vera brukt til farging av fiskegarn i blanding med andre planteartar.


Utbreiing
Vanleg i heile landet. Funnen opp til 1780 moh i Lom i Oppland. Geitrams har sirkumpolar (rundt polarsirkelen) utbreiing og finst i Europa, Nord-Amerika og Nord-Asia

Folkemedisin
Det er i hovudsak blada som har vore brukt i medisinsk samanheng. Blada av geitrams skal ha vorte tørka, kokt og brukt som omslag på vonde rygger og kne. Veske frå geitramsstilken vart brukt som salve på sår. Geitrams skal vera betennelsehemmande og ha avslappande effekt.

Les heile fakatark om geitrams her

Forfatter: Gunnlaug Røthe 
 

Kommentarer

Ingen kommentarer